| SKIGRUPPA I
TIL Målsetting Skape trivsel og eit allsidig trenings- og aktivitetstilbod heile året. Idrettar • Langrenn: klassisk og fri teknikk • Sykkel: terreng og landeveg. • Løp: terreng, orientering m.m. Formann i skigruppa Jon Hølmo 6393 Tomrefjord Privat: 711 82 224 Email: jonhoelmo@c2i.net Styret i skigruppa Medlemmane i styret skigruppa i T.I.L. er: • Jon Hølmo • Geir Tony Tomren • Arvid Svinnseth • Oddvar Kjersem • Helene Brendeløkken • Hugo Frostad • Matti Toivanen Aktivitet Etter mange år med liten tilvekst til skimiljøet, har skigruppa det siste året opplevd ei kraftig auke i interessa for langrenn og allsidig trening. Frå å vere ei lita gruppe godt voksne turløparar, har vi denne vinteren hatt mellom 30 og 40 ungar på skitreningar på Tomrefjellet. Samstundes har interessa for deltaking på innandørs styrketrening vore stor. Denne kraftige auken i interesse er svært gledeleg, og lovar godt for eit levedyktig skimiljø også i framtida. Vi i skigruppa vil i åra framover jobbe aktivt for å skape og leggje til rette for både breidde- og konkurranseidrett. Arrangement og konkurransar Vi har som mål å kunne arrangere: • Skirenn for barn og unge på Tomrefjellet ved normale snøtilhøve. • Vestnesmesterskap. • Svartløken rundt terrengløp siste helga før sommarferien. Dette er eit kombinert terrengløp og turmarsj som har vore arrangert årleg sidan 2003. Vi ønskjer å utvide med følgjande konkurransar: •Svartløken rundt Trippelen: ski, løp og sykkel •Terrengløpskarusell i samarbeid med andre idrettslag i Vestnes kommune. Løypenett Vi har saman med Ørskog og Skodje bygd eit felles løypenett rundt Svartløkvatnet, der ein ved gode snøforhold har tilkomst frå Tomrereset, Fjellstova, Brautene og Fylling. Samla løypenett er mellom 4-5 mil. Løypetraseane går i fint og lettkupert turterreng, og høver for både familiar, turgåarar og aktiv trening. Skiløypene vert etter behov trakka kvar måndag, tirsdag, onsdag og torsdag formiddag, tirsdag og torsdag kveld samt kvar helg frå kl 1000. Sjå oppdatert informasjon om status på løypenett under: smøretips og løypenett for Tomrefjellet. Varmestova på Tomrefjellet Skigruppa bygde i 2002 varmestove på Tomrefjellet med god støtte frå lokalt næringsliv, privatpersonar og andre viktige bidragsytarar. Saman med mange dugnadstimar vart varmestova ferdigstilt, til stor nytteverdi for alle brukarane av turområdet rundt Svartløkvatnet. Varmestova gjev eit unikt tilbod for både skuleklassar, bygdefolk og mosjonistar, der alle er velkomne til ein matbit og sosialt samvær. Varmestua er open kvar helg når snøforholda tillet det. Der har vi enkelt kiosksalg med vaflar, kaffi, pølse, rett i koppen og liknande. På Varmestova er det òg åpent toalett og smørerom. I smørerommet er skismurning til justering av feste for dei som treng dette. Garasjeanlegg og trakkemaskin Ei brukt trakkemaskin vart kjøpt inn i 2001, etterfulgt av bygginga av garasje året etter. Dette har vore ei god trakkemaskine, som gjennom fleire år har lagt grunnlaget for mange flotte skiturar. Vi har imidlertid byrja planlegginga av ny maskine, for å kunne leggje forholda enno betre til rette for alle brukarane av løypenettet. Treningstilbod •Styrketrening måndagar kl 1830 – 2000 i perioden oktober – mars. •Skitreningar på Tomrefjellet for barn og ungdom: •Gruppe 1: 3. – 10. årssteg: skileik og grunnleggjande teknikktrening. •Gruppe 2: 6. – 10. årssteg: konkurransegruppe • Barmarkstreningar i sommarhalvåret: rulleski, løping, fjellturar m.m.. •Vi har kjøpt inn rulleski og skøyteski til utlån for ungar som deltek på vår organiserte skitreningar. |